Informasjon om kjøp av kattunge
Alle kattunger fra oss veks opp i huset saman med familien, og trenes opp til å bli trygge og sosiale individer som er vant til å omgås andre katter og små og store mennesker. Siden det i vår husstand kun er tenåringer og vaksne, så "leiger" me iblant inn born (les: tanteunger) som hjelper til med sosialisering i perioden frå dei er 4 veker fram til dei flytter.
For å få kjøpe ein kattunge av oss, så vil me gjerne at du presenterer deg og familien, og fortel oss litt om korleis dåke bur, og om dåke er ute etter ute- eller innekatt. Om det er ynskjeleg med utekatt, så har me eit sterkt ynskje om at katten blir holdt inne til den er minst 1 år og stadsansen er fullt utvikla. Det er mange farer ute for ein ung kattunge, og me ynskjer at våre kattunger skal kome til trygge heimar.
Me tar eit depositum på 5000,- som skal betalast før me anser ein kattunge å vera 100% reservert. Dette depositumet blir ikkje tilbakebetalt, med mindre det oppstår ein situasjon som gjer at me ikkje kan levere kattungen som planlagt.
Kattunger frå oss leveres tidlegast dagen etter dei er 14 veker gamle, og dei leveres med NRR-kontrakt, to vaksiner (ved 9 og 13 veker), fersk helseattest, ID chip med registrering i DyreID, stamtavle og eit heimestrikka tova teppe med lukt fra mor og søsken. I tillegg får kjøper med litt leiker, maten som kattungen er vant med, og diverse kattungepakker fra forskjellige leverandører.
Kjøper anbefales å bestille time til katten for 3.gangs vaksine (booster) når kattungen er passert 18 veker (dette kan kanskje droppes om katten skal vera aleinekatt - sjekk med din veterinær). Deretter skal vaksineprogram følges fra katten er 1 år og med årlige helsekontroller hos veterinær.
Katten skal kastrerast innen den er 6 mnd gammel, og bekreftelse på at dette er gjort skal sendes oppdrettar. Dette er fordi me ikkje vil at katt fra vårt oppdrett skal bidra til dei alt for mange heimlause kattene som finnes der ute.
Katter fra vårt oppdrett skal ikkje under nokon omstendigheter pares med neva, andre raser eller huskatt.
Link til tips angående kjøp av utstyr til kattungen mens du venter: