IP SC NO*Gullbergskatten Chantelle ma Belle
Chantelle skulle egentlig vore sølvpadde, men når ho veks til så var det heilt klart at det var ho som måtte bli i oppdrettet. Skjønn ung dame som likner veldig på mamman sin Bea om ein ser bort fra fargen. Ho er stilt masse på utstilling, og etter tre kull så er ho no kastrert. Ho har vunnet fleire utstillinger som kastrat, men ho skal no få flytte til ny heim snart der ho får all oppmerksomhet aleine.

Stamtavle
Fødd: 20.05.2020
Farge: SIB f 22 - brunskilpaddetabby
Helse: HCM og PKD neg. august 21 & HCM neg. mai 23
Genetikk: C/C - ikkje cs bærer, D/d - dillusjonsbærer, A blod
Coat Colour Variant Gold (Sunshine) - N/wbSib (bærer)
Utstilling:
Champion på Rorak 25.09.2021,
International Champion på Sørak 28.08.2022
Grand International Champion på Jyrak, Danmark juni 2023, der ho blei BIS.
Supreme Champion på Østfoldkatten 2024
International Premier på VKK 2026
Kull: NO*Gullbergskatten I-kull, P-kull & Y-kull
NSW'25 NO*Gullbergskatten Ain't she sweet Angelina Jolie DSM
Angie var einaste jente i første kullet mitt, og ho bestemte eg meg for å beholde. Ho måtte dessverre ha keisersnitt på sitt andre kull, og då valgte eg å kastrere ho. Det har eg angra på nokon gonger, men ho blir i oppdrettet som kastrat så lenge ho trives i flokken. Ho har gjort det strålende på utstilling, noko dei flotte titlene hennes bekrefter. Ho har hatt ein liten pause ei stund, men neste år blir ho senior og då fortsetter utstillingskarriæren hennes. Ho har også vore ein av kattene som har promotert den nye fargen Corin/Sunshine i Fife, og det er med stor glede me kan sei at fargen no er godkjent fra 1/7-26.

Født: 28.01.2020
Farge: SIB ny 09 24 - brungoldentabby og kvit
Helse: HCM og PKD neg. februar 2021 og HCM neg. mai 23
Genetikk: C/C - ikkje bærer av cs-gen, A blod, D/d - bærer av dillusjon
Kull: NO*Gullbergskatten G-kull og K-kull
Utstilling:
Premier på Jærkatten 2023, 2 x BIS
IC på SWS 2023... mm
Galleri
NO*Gullbergskatten Duchess Diana
Duchess er resultatet av paring mellom Viola fra Dysgarden og Kark fra Grensedalen. Ho er første katten i eget oppdrett som er heilt uten NEM i stamtavla si. Dessverre så hadde ho to keisersnitt på rad, og derfor er ho no blitt pensjonist. Ho flytter til Bergen til dattera vår.
NO*Gullbergskatten Empress Eugénie
Empress er resultat av paring mellom mine egne Ciri og T.Rex. Ho har det kjempefint hos sin forvert Kristine utenfor Bergen. Der bur ho sammen med sibiren Twix, og går under navnet Snickers. Dei har sin egen instagramkonto. Nylig bestemte me oss for at ho ikkje skulle ha fleire kull, og ho er no overført til Kristine.
SC (N) Siberikos Beatrix
Min andre avlskatt blei kjøpt fra oppdretter Kristin Bolme, med oppdrettet (N) Siberikos, i Rindal. Den vakre sølvfrøkna henta eg i august 2018, og ho har utvikla seg til å bli ei vakker sibir og veldig flink mamma. Etter to kull og oppnådd ein alder av fem år så fant me ut at Bea fortjente å bli pensjonist. Så får me sjå kor lenge ho trives i flokken.

Stamtavle
Fødd: 19.04.2018
Farge: SIB ns 22 - Svartsølvtabby
Helse: HCM neg, 19, 21 & 23, PKD neg. 2019
Genetikk: C/C -ikkje bærer av cs-gen. A blod
Utstilling: 9 ggr. NOM, 2 ggr BIV, oppnådde Champion-tittel på Østfoldkatten 19.10.2019, International Champion på Sunnmørskatten 11.09.2021 og Grand International Champion på Berak 20.02.2022. Og på Sunnmørskatten 2022 blei ho Supreme Champion, og har dermed nådd høgaste tittel i NRR og Fife.
Kull: NO*Gullbergskatten C-kull og M-kull
Galleri
(N) Einhaugen's Victoria
Victoria er kjøpt fra oppdretter Randi Heggdal på Verdal, og blir ein viktig brikke i avlsprogrammet videre hos NO*Gullbergskatten. Siden ho ikkje går så godt sammen med dei andre hokattene i flokken så bestemte me oss for at Victoria skulle kastreres etter første kullet. To kattunger blir i oppdrettet, og Victoria er på jakt etter ny heim der ho kan få all oppmerksomhet fra nye eigarar.
NO*Asoras Elena
Elena flytta sammen med søstera si til forvert Mari i Godvik. Der fekk ho to kull, og no er ho pensjonist og nyter dagene sammen med søster Ella.
NO*Gullbergskatten Noelle Elenadatter
Datter av Elena og Dandy, fødd hos forvert i Godvik utenfor Bergen. Bur hos Amalie og har det som plomma i egget. Kalles Vilje til daglig. Noelle/Vilje er no pensjonert, og lever som kosekatt med Amalie i Bergen. Dattera Tsarina sørger for at linjene lever videre.

Stamtavle
Fødd: 05.12.2022
Farge: SIB n 22 - bruntabby
Helse: HCM neg. november 23
Genetikk: C/C - ikkje bærer av cs gen
Kull: NO*Gullbergskatten T- kull
Javarkat Monarch
Bror av Madeline, og henta i UK i slutten av januar 23. Han har blitt pappa til nokon kull, og siden søstra er i avl så g¨år han no over i tidlig pensjon.

Stamtavle
Født: 19.09.2022
Farge: SIB ds 09 24 - rødsølvspotta og kvit
Helse: HCM neg. 2023
Genetikk:
C/C - ikkje bærer av cs-gen
A/A- blod
D/d - bærer av dillusjon
1 copy of Partial and full White
Far til: Gullbergskatten S, T & U-kull, pluss Liljetoppens blomsterkull
CH KCH (N) Nordskjæret's Damir
Damir er fra Synnøve Settemsdal i Surnadal, og var sameid med oppdrettet NO*Liljetoppen på Os. Han budde på Stord hos dattera til Monica, men då han starta å markere blei det vanskelig å beholde han, og han blei kun pappa til eitt kull før han blei kastrert. No lever han livets glade dager sammen med ein annen sibir i Bergen. Eg beholder to avkom fra kullet hans til videre avl. Ein av kvart kjønn.

Stamtavle
Født: 06.03.2024
Farge: SIB a 09 22 - blåtabby med kvitt
Helse: HCM neg. 2025
Genetikk:
C/C - ikkje bærer av cs-gen
A-blod
d/d - dillutert
A/a - Bærer av solid
Far til NO*Gullbergskatten Z-kull
Galleri
IC Qrios Lord Dandylion DM

Stamtavle
Fødd: 20.04.2021
Farge: SIB n 24 - brunspotta
Helse: HCM & PKD normal mai 22, HCM neg. 2024, 2026
Genetikk: C/C - ikkje bærer av cs-gen, A/A - blod
Utstilling: Champion Jærkatten 03.04.22 og International Champion på HAURAK 30.03.25
Far til: L, N, O, P, Q og Beautiful B-kull, og L-kullet til Rubel's Pote på Stord.
Galleri
Javarkat Madeline
Madeline og broren blei bestilt fra oppdretter Joy Johnsen i UK, og me henta ho i slutten av januar 2023. Ho har hatt to fine kull hos oss, og no er ho kastrert og flytta til ny familie.
CH Ulsan Dysgarden*PL
Ulsan kom til oss i november 2018 fra oppdrettet Dysgarden i Polen. Han er son av min drømmekatt, Hrabia Dysgarden*PL, som eg såg ein dag på oppdrettet si side. Og når eg høyrde at han var blitt pappa, så var eg ikkje i tvil om at eg ønska å kjøpe ein hannkatt fra det kullet. Me fekk mange fine kattunger etter Ulsan, og han har på mange måter vore den som har forma oppdrettet mitt og gitt meg flotte avkom å jobbe videre med. Han var fantastisk som fertil, og markerte aldri. Når han pensjonerte seg flytta han til sin flotte familie i Bergen i 2022.
Ciri Xan II od Krolowych*PL
Ciri kom til oppdrettet mitt litt uplanlagt, og som ei litt morsom historie: Det var venninna mi som hadde kjøpt ein hannkatt fra samme oppdrett i Stavanger som eg hadde Xilla fra, og då ho skulle hente "han" så viste det seg at "han" var ei ho! :) Så dermed fekk venninna mi ein anna sølvkatt, og eg blei overtalt om å ta Ciri med meg heim... Etter to kull blei Ciri pensjonist og flytta til venninna mi der ho bur sammen med halvbroren Aslan, og der har ho det som plommen i egget. Navnet Xan fekk ho ved eit lite mistak, for navnet skulle egentlig vore Max etter faren O Maxi.
CH Xilla Max od Krolowych*PL
Den første avlskatten min oppdaga eg første gang på FB sida til Marta Ziemianska, ei polsk oppdretter og Fife-dommer som bur i Stavanger. Eg falt pladask for Xilla og søstrene hennes, og så var eg så heldig at eg fekk kjøpe Xilla til avl. Det var stooor lykke den dagen eg kunne reise og hente ho. Xilla var fantastisk som kattunge, og fekk mange BIV (Best in Variant) på utstilling. Hadde ho likt å bli stilt så hadde ho nok gjort det veldig bra. Men - Xilla var ikkje happy med ustilling, og viste det veldig tydelig. Så - me stoppa etter Champion tittel.
Xilla har fått seg ein flott familie i Stavanger.

Stamtavle
Fødd: 11.02.2018
Farge: SIB n 09 24 - brunspottet og kvit
Helse: HCM neg 2019 & 2021. PKD neg. 2019
Gentetikk: C/C - ikkje cs-bærer, A/b- bærer av b-blod, D/d - bærer av dillusjon
Utstilling: 5 ggr BIV, 3 ggr NOM, 1 gang BIS, Champion tittel blei oppnådd 09.11.2019 på Hansakatten i Bergen.
Kull: NO*Gullbergskatten A-kull og F-kull
Galleri
CH S*Maollich´s (The) T. Rex
Rex vokste opp hos forvert i Sverige (Madelene Olsson som har oppdrettet Mad Fairy). Me reiste til Gøteborg på utstilling, og på vegen heim hadde me med oss ein ekstra katt. Rex er sameid med oppdrettet Tangenpus i Risør, og han bur hos familien sin i Sveio som overtok eierskapet av han etter at han var ferdig i avl hos oss.

Stamtavle
Fødd: 11.05.2018
Farge: SIB ds 24 - rødsølvspottet
Helse: HCM og PKD neg 2019, HCM negativ 2021
Genetikk: C/C - ikkje cs bærer. A blod
Kull: Vindbrest forfatterkull, NO*Gullbergskatten E og F kull, NO*Rubel´s Pote I, J & K-kull
Kastrert 2021








