Utsjånad og Standard

Generelt

Størrelse: Medium til stor. Hokatten er ofte mindre enn hannkatten

Hovud

Form: Litt lengre enn det er bredt, massivt, men med mjuke runde linjer
Panne:
Brei, lett avrunda
Kinnbein:
Velutvikla
Nase:
Medium lang, brei. I profil skal katten ha ein svak buktning, men ingen stopp.
Hake:
Skal være lett vikande. Dette gjer at i profil har katten en mjuk kurve frå øvre delen av nasen.

Øyrer

Form: Medium størrelse, god åpning i basen, tuppene er avrunda. Godt med pels foran opninga, og tufser på toppen.
Plassering:
Brei øyreplassering. Øyrene skal peike svakt framover.

Auger

Form: Store, lett ovale. Noko skråstilte og med god breidde i mellom.
Farge:
Alle farger er tillatt, uavhengig av pelsfarge. Klare farger er å føretrekke.

Kropp

Struktur: Kraftig kroppsbygning og muskuløs. Kraftig nakke, brei over brystet. Kroppen skal gje eit rektangulært uttrykk.
Bein:
Kraftige, av medium høgde for å forme ein rektangulær kropp.
Poter:
Store og runde, godt med tufser mellom tærne.
Hale:
Medium lang, tjukk, med rund tupp. Dekkes med tjukk pels frå alle sider, kor ingen av håra heng nedover.

Pels

Struktur: Semi-langhåret, godt utvikla, meget tett, underpelsen skal ikkje ligge flatt, overpelsen skal være vatnavstøtande. Pelsen er noko hard/stri å ta på. Sommerpelsen er betrakteleg kortare enn vinterpelsen. Vinterpelsen skal ha ein godt utvikla krage, og "bukser" på bakbeina.


Farge: Alle farger er tillat, inkludert farger med kvitt. Unntak er colorpoint, sjokolade, lilla, cinnamon og fawn. Alle mengder med hvitt er tillatt. For eksempel kvit bliss, kvit medaljong, kvitt bryst, kvitt på magen, kvite poter etc.